Title: "Rules" in Norwegian, with the Norwegian flag

Nynorsk

Spelet

Evil:101 er eit spel som handlar om å samanlikne symbol og samle saman så mange poeng som mogleg, medan ein prøver å lure eller jage bort DIC Agentane som konstant er på sporet sitt, og legge konkurrentane bak seg.

Oppsettet

  1. Stokk dei fire kortbunkane; Plot, Target, DIC og Chase, og plasser dei med framsida ned innanfor rekkjevidde for alle spelarane.

  2. Trekk like mange Target-kort som der er spelarar rundt bordet, og plasser dei med framsida opp, ved sida av kvarandre.

  3. Kvar spelar trekk fem Plot-kort på hand, og markerar 0 poeng på poengkortet deira med ei spelebrikke.
  4. Ein spelar er gitt rolla som DIC Handler. Denne spelaren får DIC Handler ID-kortet, sett til sida Plot-korta deira, og trekk sju DIC Agent-kort. (Om dei har nokon, så kan dei behalde Chase-korta deira på hand om dei ynskjer.)

    Denne rolla flyttast med klokka neste runde.

  5. Chase-kort kan bli kjøpt av alle spelarar på slutten av kvar runde, for 2 Victory Points per stykk. Desse korta følgjer ikkje DIC Handler-rolla.

1. Larry Plotter og den Mystiske Gangen

Spelarane spelar turane sine med klokka, og spelaren til venstre for DIC Handler-rolla byrjar kvar runde.

Dei spelar ut eit Wicket Plot-kort frå handa deira, og plasserar det med framsida ned på det ynskja Target-kortet på bordet.

Alle symbola på Plot-kortet samsvare med symbola på Target-kortet for å vere gjeldande.

Når ein Ond Spelar har lagt sitt kort blir Target-kortet låst for andre.

Om du ikkje har kort på hand som samsvarar med nokon av dei tilgjengelege Target-korta, kan du forkaste eitt og trekkje eitt nytt Plot-kort, heilt til du har eit kort som kan brukast.

Eksempel: Spelaren prøver å spele eit Wicked Plot-kort som stemmer med 3 Pts og 1 Pts symbola på Target-kortet.

Dette er plassert med framsida ned, med ei spelebrikke på topp for å markere kven sitt kort det er.

2. DICen Går

Etter alle dei Onde Spelarane har plassert sine Wicked Plots spelar så DIC Handler-rolla ut DIC Agent-kort frå si hand på kvar av spelarane sine Plot-kort, med framsida opp.

DIC Agent-kortsymbola må stemme med eitt av symbola på Target-kortet, og burde vere eitt av dei som DIC Handleren meiner er mest sannsynleg å finne på Plot-kortet.

Plot-kortet blir så snudd og vist for alle, og om symbolet på DIC Agent-kortet stemmer med med minst eitt av symbola på Plot-kortet vinn DIC Agenten.

DIC Handler-rolla får ingen poeng, bortsett frå skadefryd, som retteleg er beire enn poeng.

Om DIC Handleren ikkje har kort på hand som stemmer med nokon av dei tilgjengelege Target-korta kan dei velje å kaste eitt og trekkje eitt nytt kort, heilt til dei har eit kort som kan brukast.

Eksempel: DIC Handleren har klart å samsvare eitt av symbola på Wicked Plot-kortet, og Plottet er å rekne for blokkert (for no).

3. Ta Meg Om Du Kan

Om ein Ond Spelar har fått dei onde planane sine ruinert kan dei prøve å spele eit Chase-kort, om dei har nokon på hand.

Chase-kort plasserast på DIC-kortet som blokkerar Plot-kortet deira.

DIC Handleren kan no prøve å svare med eit av sine eigne Chase-kort. DIC-spelaren kan derimot ikkje starte ei jakt sjølve.

Chase-kortet på vere det neste i sirkelen på kortet (bilen slår helikopteret, helikopteret slår ubåten og ubåten slår bilen).

Fleire Chase-kort kan bli lagt etter tur av den Onde Spelaren og DIC Handleren fram til nokon kjem ut på topp.

Om den Onde Spelaren er den siste som kan leggje eit Chase-kort stikk han av med alle poenga.

Chase-kort blir kjøpt på slutten av runda, og må vere på hand for å bli brukt.

Eksempel: Etter ei kort, men intens jakt, har den Onde Spelaren klart å stikke av med poenga sine.

4. Tilgrabbinga

Om plotta deira ikkje blir blokkerte av DIC Agentar kan kvar Onde Spelar samle saman poenga sine. Poenga blir utrekna ved å leggje poenga på sjølve Wicked Plot-kortet saman med poenga på dei samsvarande symbola på Target-kortet.

Spelarane markerar den samla poengsummen på Poengkortet med ei spelebrikke.

Eksempel: Plot-kortet til ein Ond Spelar har to symbol, som samsvarar med 3 Pts og 1 Pts symbola på Target-kortet. Den totale poengsummen som spelaren får er då 3 + 1 + dei 2 poenga frå sjølve Plot-kortet, som då blir 6 poeng.

5. Ring Til Vaskehjelpa

No som runda er over gir DIC Handleren resten av DIC Agent-korta sine (men ikkje Chase-korta) og DIC Handler-rolla over til spelaren til venstre for dei. Denne spelaren legg så til side deira gjenverande Wicked Plots til neste gong dei igjen er ein Ond Spelar.

Alle spelarar beheld alle kort dei framleis har på hand og trekk inn nye kort.
DIC Handler skal ha 7 kort, og Onde Spelarar skal ha 5 kort.
Chase-kort er ikkje medrekna i dette.

I eit tospelar-spel kan DIC Handleren kaste så mange kort som dei ynskjer, for så å trekkje inn på nytt.

Spelarane kan no kjøpe Chase-kort, for 2 Victory Points per kort. Bruk Poengkortet for å markere poenga.

Dei brukte Target-korta på bordet blir lagt i kastebunken, og nye Target-kort blir trekte, opp til antalet spelarar. Ubrukte Target-kort blir med vidare i spel.

Etter dette byrjar ei ny runde.

Når ein spelar når 20 Victory Points eller meir sluttar spelet.
Spelaren med flest poeng har no klart å bli den neste Onde Mesterhjerna, og forventar å bli tilbede, som seg hør og bør.

Om uavgjort; ei siste runde vil bli spelt mellom dei stridande spelarane der DIC Handler-rolla ikkje går vidare frå den forrige runda. Dette føregjeng fram til nokon gjeng sigrande ut.

Subscribe!

Subscribe to our newsletter!

We keep your data private and share your data only with third parties that make this service possible. See our Privacy Policy for more information.

For a preview of what you get, check out the newsletter archive.

x