Dette er spelet
Evil:101 er eit spel som handlar om å samanlikne symbol og samle saman så mange poeng som mogleg, medan ein prøver å lure eller jage bort DIC Agentane som konstant er på sporet av dykk, og leggje konkurrentane bak seg.
Oppsettet

- Stokk dei fire kortbunkane; Wicked Plot, Target, DIC og Chase, og plasser dei med framsida ned innanfor rekkjevidde for alle spelarane.
- Trekk like mange Target-kort som det er spelarar rundt bordet, og plasser dei med framsida opp, ved sida av kvarandre.
- Kvar spelar trekkjer fem Wicked Plot-kort til handa, og markerer 0 poeng på poengkortet sitt med ei spelebrikke.
- Ein spelar startar i rolla som DIC Handler, medan resten av spelarane blir Vonde Spelarar. Denne spelaren får DIC Handler ID-kortet, legg til side Wicked Plot-korta sine, og trekkjer sju DIC Agent-kort (om dei har nokon, så kan dei behalde Chase-korta sine på handa om dei ynskjer).
Neste runde overtek spelaren til venstre for DIC Handler rolla.
Etter kvar runde kan kvar spelar kjøpe Chase-kort. Desse kostar 2 Victory Points per stykk. Desse korta følgjer ikkje DIC Handler-rolla.
1. Larry Plotter og den Mystiske Gangen
Spelarane spelar turane sine med klokka, og spelaren til venstre for DIC Handler-rolla byrjar kvar runde.
Dei spelar ut eit Wicked Plot-kort frå handa si, og plasserer det med framsida ned på det ynskte Target-kortet på bordet. Set ei spelebrikke på toppen for å markere kven sitt kort det er.
Alle symbola på Wicked Plot-kortet må være identiske med symbola på Target-kortet; Dersom Wicked Plot-kortet har to symbol, må BEGGE vere på Target-kortet.
Når ein Vond Spelar har lagt kortet sitt blir Target-kortet låst for andre.
Om du ikkje har kort på handa som samsvarar med nokon av dei tilgjengelege Target-korta, kan du forkaste eitt og trekkje eitt nytt Wicked Plot-kort, heilt til du har eit kort du kan bruke.

Eksempel: Spelaren prøver å spele eit Wicked Plot-kort som stemmer med 3 Pts og 1 Pts symbola på Target-kortet.
Dette er plassert med framsida ned, med ei spelebrikke på toppen for å markere kven sitt kort det er.
2. DICen Går
Etter alle dei Vonde Spelarane har plassert sine Wicked Plots, speler DIC Handler ut eitt DIC Agent-kort frå handa si på kvar av spelarane sine Wicked Plot-kort, med framsida opp.
DIC Agent-kortsymbolet må stemme med eitt av symbola på Target-kortet, og bør vere eitt av dei som DIC Handleren meiner er mest sannsynleg å finne på Wicked Plot-kortet.
Wicked Plot-kortet blir so snudd og vist for alle. Dersom symbolet på DIC Agent-kortet stemmer med med minst eitt av symbola på Wicked Plot-kortet vinn DIC Agenten, og plottet er blokkert og gir ikkje poeng.
DIC Handler-rolla får ingen poeng, bortsett frå skadefryd, som retteleg er beire enn poeng.
Om DIC Handleren ikkje har kort på hand som stemmer med nokon av dei tilgjengelege Target-korta kan dei velje å kaste eitt og trekkje eitt nytt kort, heilt til dei har eit kort som kan brukast.

Eksempel: DIC Handleren har klart å samsvare eitt av symbola på Wicked Plot-kortet, og plottet er å rekne for blokkert (for no).
3. Ta Meg Om Du Kan
Om ein Vond Spelar har fått sitt Wicked Plot ruinert kan dei prøve å spele eit Chase-kort, om dei har nokon på hand.
Chase-kort plasserast med framsida opp på DIC-kortet som blokkerar Plot-kortet deira.
DIC Handleren kan no prøve å svare med eit av sine eigne Chase-kort. DIC-spelaren kan derimot ikkje starte ei jakt sjølv.
Chase-kortet må vere det neste i sirkelen på kortet (bilen slår helikopteret, helikopteret slår ubåten og ubåten slår bilen).
Fleire Chase-kort kan bli lagt etter tur av den Vonde Spelaren og DIC Handleren fram til nokon kjem ut på topp.
Om den Vonde Spelaren er den siste som kan leggje eit Chase-kort stikk han av med alle poenga.
Chase-kort blir kjøpt på slutten av runda, og må vere på hand for å bli brukt.
Alternativ regel: Korrupsjon. Om DIC Handleren vinn jakta, tek dei alle poenga sjølv. Saman med det dårlege samvitet.

Eksempel: Etter ein kort, men intens jaktsekvens, har den Vonde Spelaren klart å stikke av med poenga sine.
4. Tilgrabbinga
Dei spelarane som ikkje får sitt Wicked Plot blokkert av ein DIC Agent får poeng. Poenga blir rekna ut ved å leggje poenga på sjølve Wicked Plot-kortet saman med poenga på dei samsvarande symbola på Target-kortet.
Spelarane markerer den samla poengsummen på Poengkortet med ei spelebrikke.

Eksempel: Wicked Plot-kortet til ein Vond Spelar har to symbol, som samsvarar med 3 Pts og 1 Pts symbola på Target-kortet. Den totale poengsummen som spelaren får er då 3 + 1 + dei 2 poenga frå sjølve Plot-kortet, som då blir 6 poeng.
5. Ring Til Vaskehjelpa
No som runda er over gir DIC Handleren resten av DIC Agent-korta sine (men ikkje Chase-korta) og DIC Handler-rolla over til spelaren til venstre for dei. Denne spelaren legg så til side Wicked Plots korta dei har igjen til neste gong dei igjen er ein Vond Spelar.
Alle spelarar beheld alle korta dei framleis har på handa og trekkjer inn nye kort.
DIC Handler skal ha 7 kort, og Vonde Spelarar skal ha 5 kort.
Chase-kort er ikkje medrekna i dette.
I eit tospelar-spel kan DIC Handleren kaste så mange kort som dei ynskjer, for så å trekkje inn på nytt.
Spelarane kan no kjøpe Chase-kort. Dei kostar 2 Victory Points for kvart kort. Bruk Poengkortet for å markere ny poengsum.
Legg dei brukte Target-korta i kastebunken, og trekk nye, opp til talet på spelarar. Ubrukte Target-kort blir med vidare i spelet.
Etter dette byrjar ei ny runde.
Når ein spelar når 20 Victory Points eller meir, sluttar spelet.
Spelaren med flest poeng har no greidd å bli det neste Vonde Geniet, og forventar å bli tilbede, som seg hør og bør.
Om uavgjort: Ei siste runde vil bli spelt mellom dei stridande spelarane der DIC Handler-rolla ikkje går vidare frå førre runda. Dette skjer fram til nokon går sigrande ut.
Stor takk til vår støttespelarar på Kickstarter, Discord medlemmane våra, dei mange testarane og besøkande hjå Spiel’21 Essen, og dei entusiastiske medlemmane av Molde Spillklubb for å teste spelet vårt. Takk til Tarjei Vågstøl for korrektur av nynorskversjonen.
All design av Evil:101, illustrasjonar, karakterar, plassar og namna av alle produkta publisert av Tombs Foundry AS er kopibeskytta og varemerka under Tombs Foundry AS, eller brukt under lisens.